GENERELT
Omtale
Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Målet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det vatnet som er reinsa ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser blant anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.
Radøy kommune har mange større og mindre slamavskillarar, alle med sjø som resipient. Me har også eit kjemisk/biologisk reinseanlegg i Bøvågen. I tillegg har kommunen seks mindre og større pumpeanlegg.
Målgruppe
Innbyggjarar, næringsliv
Kriterium/vilkår
Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.
Pris for tjenesten
Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.
OM SØKNADSPROSESSEN
Høve til å klage
Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010