Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gir deg rett til trygd. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal innehalde arbeidsretta tiltak, eventuelt òg medisinsk behandling, opptrening og eigenaktivitet som gjer det lettare å komme i arbeid. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Mens du deltar i programmet, mottar du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.
Personar som treng tett oppfølging over tid for å komme ut i arbeid
Du er i yrkesaktiv alder, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og mottar lite eller ingen trygd
På NAV-kontoret arbeider tilsette frå arbeids- og velferdsetaten (tidlegare Aetat og trygdeetat) og sosialtenesta i kommunen saman for å finne heilskaplege løysingar.
Du kan kontakte NAV for å få hjelp til å søkje om kvalifiseringsprogram.
NAV-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at søknaden er kommen inn. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. NAV vil kunne gi deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i NAV som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.
NAV Radøy sosiale tenesterPostboks 435931 MangerTlf: 55 55 33 33 E-post: nav.radoy@nav.no Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger