Kommunen skal finne mellombels botilbod til deg dersom du ikkje kan skaffe deg dette på eiga hand. Kommunen pliktar å finne eit forsvarleg husvære til barnefamiliar, barn og unge. Forsvarleg tyder mellom anna at tilbodet ikkje er heimstad for rusmiddelmisbrukarar.
Dei som har eit bustadbehov på grunn av akutte situasjonar som for eksempel brann, utkasting eller familiebrot.
Du har rett til denne tenesta dersom du på eiga hand har forsøkt å skaffe deg eit husvære utan å ha lukkast, og dersom bustadbehovet ditt er mellombels.
Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, kan du måtte betale delar av husleiga sjølv.
Du kan vende deg til kommunen for å søkje om mellombels husvære.
NAV-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.
Dersom NAV gir deg avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. NAV vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i NAV som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
NAV Radøy sosiale tenesterPostboks 435931 MangerTlf: 55 55 33 33 E-post: nav.radoy@nav.no Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger