Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Støttekontakt
Støttekontakt

GENERELT

Omtale

Støttekontakten tilbyr m.a. sosialt samvær etter behov og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal vere basert på brukaren sine ønske, behov og føresetnader.

Tenesta kan organiserast på tre måtar:

  • Individuell støttekontakt
  • Deltaking i ei aktivitetsgruppe
  • Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Målgruppe

Personar med behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem

Kriterium/vilkår

Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla, har krav på bistand. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren bestemmer kva for tenester som skal gjevast, medrekna støttekontakt.

Pris for tjenesten

Tenesta er gratis. Brukaren skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Handsaming av søknad

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss
Barne- og familietenesta
Solhallvegen 2
5936 Manger
Tlf: 56 34 92 80
Fax: 56 37 34 05
E-post
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no