GENERELT
Omtale
Bustadtilskott til etablering skal verke til at husstandar med svak økonomi skal kunne få nøkterne og eigna bustader. Det kan også gjevast tilskot til å utbetre eigen bustad. Ordninga er behovsprøvd.
Målgruppe
- Funksjonshemma, flyktningar, unge i etableringsfasen og sosialt vanskelegstilte
- Selskap, stiftingar og liknande som ønskjer å etablere utleigebustader
Kriterium/vilkår
Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Søknaden skal skrivast på blankett HB 8.S.01. Blanketten får du frå kommunen eller Husbanken (sjå nedanfor).
Vedlegg
- Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
- Kopi av likningsutskrifta frå det siste året
- Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller verdiar som ein kan frigjere gjennom sal av bustad eller anna)
- Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon av den særleg vanskelege situasjonen til husstanden
Søknadskjema
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Handsamingstid
Kommunen/Husbanken har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan få eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.
Høve til å klage
Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010