Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Skuleskyss
Skuleskyss

GENERELT

Omtale

Elevar som bur over ein viss avstand frå skulen, og elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til skyss. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå skolefritidsordning (SFO).

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
  • Elevar med funksjonshemming og elevar som er mellombels skada eller sjuke

Kriterium/vilkår

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Elevar i grunnskulen som har spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Dette gjeld også funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke.

Retten til skyss for elevar i privatskular gjeld berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der eleven bur.

Pris for tjenesten

Skoleskyss er gratis.

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skuleskyss.

Handsamingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskolen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole). Før klaga blir sendt klageinstansen, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til klageinstansen.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no