Onsdag 25., torsdag 26. og fredag 27. august skal sjette klasse på Sæbø skule halda til på Bogatunet, og levandegjera korleis familiar levde på 1850-talet. Elevane skal vera kledde opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane dei tradisjonelle gjeremåla.