Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Rettslege spørsmål / Forliksråd
Forliksråd

GENERELT

Omtale

Forliksrådet er ein av dei alminnelige domstolane våre. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet før dei eventuelt kan takast til tingretten. Forliksrådet skal alltid prøve mekling mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad. Det tyder blant anna at ei avgjerd i forliksrådet blir ståande dersom ho ikkje blir ført vidare til tingretten, og at ho kan tvangsfullførast via namsmannen.

Det er eit forliksråd i kvar kommune. Forliksrådet har tre valde faste medlemmer og tre varamedlemmer. Medlemmene blir valde av kommunen.

Les meir om forliksrådet i Radøy kommune.

Målgruppe

Personar eller firma som har eit krav mot ein annan person eller eit firma.

Kriterium/vilkår

Gebyret må vere betalt før saka blir behandla.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen har visse tilsynsfunksjonar i forliksråda.

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Det er ein fordel at forliksklagen blir levert skriftleg, men du har også høve til å setje han fram munnleg ved personleg frammøte. I forliksklagen må du kort melde frå om kva det er som blir kravd og grunnlaget for det. Du må dessutan gje opp utførleg namn og adresse til den du har stemna inn.

Vedlegg

Viktig dokumentasjon, f.eks. faktura, betalingsavtale o.l. skal leggjast ved.

Søknadsfrist

Den alminnelege foreldingsfristen er tre år rekna frå det tidspunktet den som er stemna inn fekk, eller burde ha fått, kjennskap til kravet. Finn forliksrådet at eit krav er forelda, vil det bli sagt dom for frifinning.

Høve til å klage

Dommar i forliksrådet kan innan éin månad bli anka til tingretten. Det er avgrensa høve til anke for rettsforlik.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy forliksråd
Postboks 33
5902 ISDALSTØ
Tlf. 56 35 56 91 / 56 35 56 70

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no