GENERELT
Omtale
Konfliktrådet har til oppgåve å mekle i tvistar som oppstår på grunn av at éin eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap e.l. Eksempel på saker som kan behandlast i konfliktrådet, er
- grannetvistar
- familietvistar
- økonomiske tvistar
- konfliktar som følgje av straffbar handling m.m.
Målgruppe
Alle
Kriterium/vilkår
Mekling i konfliktrådet krev samtykke frå begge partane. Partane må møte personleg i meklingsmøtet. Du kan ikkje ha med deg ein fullmektig, men konfliktrådet kan tillate at partane får bistand frå andre støttepersonar.
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis.
Samarbeidspartnarar
Frå 1.1.2004 overtok staten ved Justisdepartementet det fulle og heile ansvaret for konfliktråda. 22 konfliktråd dekkjer no alle kommunane i landet. Sekretariatet for konfliktråda har ansvaret for administrativ drift og fagleg utvikling av konfliktråda. Konfliktråda samarbeider med kommunane om å nemne opp meklarar lokalt. Konfliktråda samarbeider elles med
- lensmanns- og politietaten
- kriminalomsorgsetaten
- domstolane
- andre lokale etatar som skule og barnevern
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Du treng ikkje søkje om å nytte konfliktrådet sine tjenester. Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten via telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.
Handsamingstid
Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).
Handsaming av søknad
Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.
Høve til å klage
Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga må rettast til konfliktrådet. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det. Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010