Beskrivelse
Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader.
Målgruppe
Næringsdrivande som treng dokumentasjon på at dei driv ei seriøs verksemd. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.
Samarbeidspartnere
Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blir samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.
Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje nærare opplysningar om ordninga med skatteattestar.
Veiledning
Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst).
Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst).
Saksbehandling
Attesten skal sendast seinast dagen etter at forespurnaden er mottatt.