Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skatt og økonomi / Eigedomsskatt / Utlegging av skatteliste eigedomsskatt

I samsvar med eigedomsskattelova § 15 og i Radøy kommune sine vedtekter for sakkunning takstnemnd, §7, var det frå 1. mars 2011 og fire veker fram lagt ut skatteliste over alle eigedomar i Radøy som skal ha utskrive eigedomsskatt.

Vedtak om takst er heimla i Eigedomsskattelova § 33 jf. Byskattelova §5. 

Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2011 er 7,0 promille. For bustadeigedomar og ubygde tomter vert det gitt ein reduksjon på 4,0 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 3,0 promille.

Skattelistene for eigedomsskatt vert gjort tilgjengelege på heimesidene i tidsrommet 1. mars 2011 - 30. mars 2011. Skattelistene inneheld informasjon om gards- og bruksnummer, eigedomsnamn/adresse og takst.

Listene som er lagde ut på sørvistorget inneheld også namn på heimelshavar/eigarrepresentant.

Eigar eller fakturamottakar kan klaga på vedtak om takst innan 4 veker etter at skattelistene er lagt ut. Klageretten gjeld berre for eigedomar som har fått ny eller endra takst i 2011. Takst frå tidlegare år står uendra fram til neste hovudtaksering i 2019, med mindre det skjer vesentelege endringar ved eigedomen.

Frå 1. mars ca kl 12:00 vil skattelistene vera tilgjengelege her.

Sist oppdatert: 28.02.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no