Nedanfor finn du svar på nokre av dei mest vanlege spørsmåla om eigedomsskatt.
Kor tid får eg vita kva eg må betala i skatt?
Utleggslister vert lagt på nettet frå ca 1 mars i skatteåret, og skattesetel vart sendt i posten kort tid etter.
Korleis og kor tid skal eg betala?
Kravet vert delt opp i tre terminar, og kjem på samme faktura som andre kommunale avgifter. Kommunestyret har vedteke at betalingsfrist for første termin skal vera 31. mars, andre termin 31. juli og tredje termin 30. november
Kva dersom eigedomen har fleire eigarar?
Dersom eigedomen har fleirer eigarar, får berre ein av dei tilsendt faktura. Kravet om eigedomsskatt gjeld eigedomen, og ikkje kvar einskild deleigar. Alle deleigarar er solidarisk ansvarlege for betaling av faktura.
Kvifor skal det takast bilete av alle hus? Er det slik at alle kan sjå dei?
Vi tar bilete av alle bygg fordi dette er dokumentasjon i takseringsarbeidet.
Sidan kommunestyret har vedtatt å taksera etter ein modell der det er sakkunnig takstnemnd som skal setja takst på grunnlag av areal og vurdering av standard på bygg, vert bileta å rekna som ein del av dokumentasjonen takstnemnda må ha.
Slik har takstnemnda muligheit til å kontrollera at den vurderinga som vert gjort er rett i forhold til dei prinsippa som er lagt til grunn.
Bilete er god dokumentasjon for å synleggjera kva standard eigedom har ved taksering.
Bileta vert katalogiserte og lagra på server i sikker sone i kommunen sitt nett. Dei vert ikkje gjort tilgjengeleg for andre enn dei som har tenesteleg behov for å bruka bileta i takseringsarbeidet.
Korleis skil eigedomsskatten seg frå vanleg inntektsskatt?
Eigedomsskatten går i sin heilskap til kommunen. Den er ikkje avhengig av kva inntekt ein har eller kvar ein bur.
Eigedomsskatt og inntektsskatt er uavhengig av kvarandre. Det kjem ikkje fram av sjølvmeldinga kva ein må betale i eigedomsskatt.
Kva gjer eg ved sal av eigedom for å få faktura til ny eigar?
Ved sal eller overdraging av eigedom vil eigarskiftet normalt bli tinglyst og bli registrert i den såkalla Matrikkelen. Også ved seksjonering vil det skje ei tinglysning.
Det er ikkje noko krav at eigarskifte vert tinglyst, men dersom det ikkje vert gjort, vil tidlegare eigar stå som eigar og fakturamottakar i våre register.
Ofte er det berre kjøpekontrakten som vert tinglyst, ikkje skøyte. Dette medfører at tidligare eigar blir fakturert og mottar faktura for kommunale avgifter for eigedomen. Han vil også bli likna for eigedomen.
Ein kunde kan oppleve å få faktura til ein person som er død, for eksempel ein avdød ektefelle. Den mest sannsynlige årsaka at eigedomen berre stod på den avdøde sitt namn. I slike tilfeller må slektningar/arvingar av avdøde få endra heimelshavar for eigedomen. De fyller ut ei heimelserklæring og sender det til ”Statens Kartverk, Tinglysning, 3507 Hønefoss. Skjema for heimelserklæring
I dei tilfella der ein som fester ein eigedom er død vil normalt grunneigar få tilsendt faktura. I slike tilfeller må grunneigar be arvingar, eller dei som bur på den festa eigedomen, fylle ut skjema for heimelserklæring.
Skal lag, organisasjonar og ulike stiftingar betala eigedomsskatt?
Eigedomsskattelova § 7 gir kommunestyret muligheit til heilt eller delvis å frita desse eigedomane for eigedomsskatt. Liste over lag og organisasjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten vert lagt fram for kommunestyret før taksering. Det er kommunestyret som avgjer kven som heilt eller delvis vert fritatt for eigedomsskatt etter § 7.
Sist oppdatert: 06.08.2010