GENERELT
Omtale
Eigedomsskatt blir lagt på eigedommar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som bestemmer om det skal innførast eigedomsskatt. Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at ein i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.
Kriterium/vilkår
Omtaksering skal skje dersom
- det har skjedd ei deling av eigedommen
- bygningar på eigedommen har brunne
- bygningar er blitt rivne eller liknande
- det er ført opp nye bygningar på eigedommen med ein pårekna verdi av minst kr 10 000,-
Pris for tjenesten
Når skatteytaren krev omtakseringa, skal skattytaren dekkje kostnadene.
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret ved skatteoppkrevjaren.
Søknadsfrist
Innan 1. november året før skatteåret
Handsaming av søknad
Omtaksering blir behandla etter reglane for taksering. Ein kan krevje overtakst på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst (klage).
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010