I løpet av hausten 2008 vil det verta synfaring på eigedomen din.
Dei som kjem er tilsette i kommunen og har fått opplæring i oppmåling og vurdering av standard.
Etter at det er gjort ei utvendig oppmåling og vurdering av standard, vert det sett ein takst. Denne taksten er grunnlaget for eigedomsskatten.
Den endelege taksten vert vedteken av takstnemnda og offentleggjort i løpet av februar 2009. Beløpet som skal betalast i eigedomsskatt vert rekna ut på grunnlag av denne taksten.
Skattesatsen vert vedteken av kommunestyret for kvart år, og kan vera mellom 2 og 7 promille,.
Det er to hovudfaktorar som avgjer kor stor eigedomsskatten vert;
Skattegrunnlag = salsverdi på eigedomen
Skattesats = 2–7 promille av skattegrunnlag
For å få ein mest mogeleg rett takst på eigedom og bygg skal ein gjennomføra ei synfaring der ein registrerer faktaopplysningar om eigedom/bygg, samt gjere ei vurdering av andre forhold som kan ha innverknad på taksten.
Ei slik vurderingar av eigedomar er vanskeleg.
Ein legg derfor tre hovudkriterium til grunn for vurderinga:
- Vere prinsipiell (lik handsaming). Vedtak gjort av takstnemnda fastset dei prinsippa som ein må følgje i einskild saker.
- Akseptere grove vurderingar. Synfaring vil i det vesentlege vere ei utvendig synfaring som gjev grovkorna vurdering av standard.
- Vere varsam. Utvendig synfaring gjev eit grovt avgjerdsgrunnlag som kan gje uvisse. Tvil skal kome eigaren til gode.
Det er sakkunnig takstnemnd som gjer endeleg vedtak om rammer og retningsliner som skal nyttast for takseringa.
Taksering
For bustader og fritidshus vert det lagt opp til ei forenkla taksering
– ut frå ei måling av storleiken på bygg og/eller tomt. Det er utarbeidd retningsliner for arbeidet med takseringa.
Taksten vert rekna ut på grunnlag av faktaopplysningar om eigedomen og ei vurdering av standard på eigedomen. Dette er faktorar som verkar inn på verdien av eigedomen.
Faktaopplysningar er alder og storleik på bygg og eigedom.
Det er bruksareal (BRA) på bygg som vert lagt til grunn for utrekninga. Desse opplysningane vert henta frå offentlege register og ved oppmåling på eigedomen.
Oppmåling og vurdering av bygg skjer utvendig.
Det er vedtatt at ein skal bruka ei så kalla sjablonverdi for å fastsetje verdi på eigedom og bygg.
Sakkunnig takstnemnd vil fastsetje sjablonverdi for dei ulike eigedomsgruppene.
Kva skal takserast?
I utgangspunktet skal alle eigedomar i kommunen, med eller utan bygningar takserast.
- Tomtar
- Bustader
- Hytter og fritidsbustader
- Våningshus
- Næringsbygg
- Garasjar og uthus til bustad
- Naust på frådelt tomt
- Andre bygningar
Det er bruksareal (BRA) som skal leggjast til grunn for takseringa
Særskilde reglar for taksering av landbrukseigedom
For desse gjeld takseringa alle bustader/våningshus på garden, og eigen garasje for privatbil, der slik finst.
Driftsbygningar og andre typiske landbruksbygg skal ikkje takserast.
For våningshus vert det taksert eit tomteareal på 1 dekar for kvar bustad på garden. Jord- og skogbrukseigedom ut over dette vert ikkje omfatta av takseringa.
Synfaring
I samband med takseringa skal det gjennomførast utvendig synfaring på alle eigedomar.
Synfaringa vil verta utført av folk tilsette i kommunen. Dei skal legitimere at dei arbeider på oppdrag frå kommunen.
Under synfaringa skal ein måla opp og ta bilete av bygningar på eigedomen. Det skal gjerast ei vurdering av tilhøva på og rundt eigedomen som kan virka inn på taksten.
Det er ikkje naudsynt at eigar er til stades under synfaringa.
Om eigar ønskjer å gje opplysningar eller koma med innspel til synfaringa, kan dette gjerast på følgjande måte:
1. Opplysningar i forkant av synfaringa.
Om det er spesielle tilhøve eigar meiner må vurderast ved synfaring, som kan ha innverknad på taksten, kan du senda oss skriftleg melding om dette.
2. Deltaking ved synfaringa.
Eigar kan vera til stades ved synfaringa om dette er ønskjeleg. Dette kan for eksempel vera aktuelt om det er forhold som best kan forklarast direkte under synfaringa.
Retting av feil
Dei registrerte faktaopplysningane saman med kva målereglar som er nytta vert sendt til eigar etter synfaring.
Slik får grunneigar høve til å gje ei tilbakemelding dersom det er feil eller manglar i opplysningane kommunen har om eigedomen.
Melding om feil bør sendast inn snarast råd.
Klagerett
Eigar har rett til innsyn i korleis takst på eigedom er berekna, og rett til å klage på vedtak om takst. Klagen må grunngjevast ved feil i faktagrunnlag eller vurderinga som er gjort.
Vedtak om takst vert gjort av takstnemnda for eigedomsskatt, og er offentleg først etter at skattelistene er lagt ut, i løpet av februar månad 2009.
Formell klage kan såleis ikkje sendast inn før skattelistene er lagt ut innan 01.mars 2009.
Dersom du ønskjer å koma med innspel til synfaringa, kan du kontakta oss slik:
Telefon: 56 34 90 00
Telefaks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
Postadr: Radøy kommune, Krossvegen 8, 5936 Manger.
Mrk konvolutt - ”eigedomsskatt”
Hugs å meld frå om gnr/bnr. på eigedomen, namn på eigar/eigarrepresentant
Telefonnummer/e-postadresse kor du kan treffast på dagtid og kveldstid.
Synfaring og oppmåling vert gjennomført i veke 40 – 48. For informasjon om tidspunkt for dette i område der du bur viser vi til informasjonsfoldar.