GRUNNLAG FOR EIGEDOMSSKATT – KONTROLL AV OPPLYSNINGAR
Alle nye eller vesentleg endra eigedomar vil få tilsendt eit skjema for kontroll.
Grunnlag for taksering av eigedomar byggjer på opplysningar som er registrert i kommunen sitt eigedomsregister, og det som er registrert ved synfaring og oppmåling.
For å sikra at faktaopplysningar kommunen har om eigedomar og bygg er korrekte sender vi skjema til eigarar som viser tomteareal og bygningsareal som er registrert.
Det er dette arealet som vert lagt til grunn når takst på eigedomen vert utrekna. Landbruksbygg og naust på landbrukseigedom vert ikkje taksert sjølv om areal på slike bygg kan være med på skjema.
Landbrukseigedom får tomtestorleik sett til 1000 m2.
For tomter der me ikkje har registrert areal, vert tomteareal rekna ut frå kartdata.
Verneverdige og verdifulle kulturminne kan få fritak for eigedomsskatt.
Det kan gjelde våningshus og bygg som er autentiske og som på ein klar måte formidlar vår felles historie, byggeskikk og kulturarv. Dette gjeld våningshus frå 1700-talet som det ikkje bur fastbuande i og som ikkje er modernisert eller rehabilitert. Det kan og vera bygg som det av ulike historiske årsaker er særleg viktig å ta vare på som t.d. husmannsplassar og andre kulturhistoriske unike bygg.
Dersom det er feil i opplysningane som er lagt til grunn må eigar/eigar representant snarast melda frå til oss om dette.
Retting av faktiske feil vil verta gjennomført etter forenkla klagehandsaming – og me er sjølvsagt interesserte i at feil i grunnlagsdata vert retta opp.
Dersom det er feil i grunnlagsdata må Radøy kommune ha skriftleg tilbakemelding.
Det må komme klart fram kva gards- og bruksnummer det gjeld. Vi må også ha namn, adresse og telefonnummer til eigar/-representant.
Det vert ikkje gjort endringar i grunnlagsdata på grunnlag av munnlege tilbakemeldingar.
Melding om det du meiner er feil kan sendast slik:
e-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Elektronisk kontaktskjema på www.radoy.kommune.no – velg Kontakt oss
Vanleg post: Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger
Telefax: 56 34 90 01