Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skatt og økonomi / Eigedomsskatt

Radøy kommune har vedteke å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen frå 2009.

Radøy kommune har sidan 1997 hatt eigedomsskatt på verk og bruk, jf. "Lov om eigedomsskatt i kommunane" av 6. juni 1975. Inntil 2005 var det berre høve til å skriva ut eigedomsskatt på verk og bruk og i "bymessige strøk". Frå 2006 er lova endra, slik at det er høve til å skriva ut eigedomsskatt på alle eigedomar, anten dei er bygde på eller ikkje.

Kommunestyret har med heimel i eigedomsskattelova §§ 3 og 4 vedtatt å utvida eigedomsskatten til å gjelda heile kommunen frå 1.januar 2009.

Klikk på bilete og les informasjonsfaldaren

Eigedomsskatt er den einaste skatten kommunen sjølv kan styra, og kor heile skatteinntekta tilfell kommunen. Bakgrunnen for vedtaket er ei erkjenning av at kommunen sin økonomi elles ikkje strekk til for å oppretthalda tenestene på same nivå som no. Det har og vore eit press frå Staten ved Fylkesmannen om at kommunar med svak økonomi må utnytta det inntektspotensialet som ligg i reglane


I menyen til venstre er det lagt ut informasjon som gjeld utviding av eigedomsskatt.

Det er mogleg å senda tilbakemeldingar og enkle spørsmål via nettsida. Dette kan gjerast via dette skjemaet.

 

Sist oppdatert: 05.01.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no