Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Idrettshallen er 22 meter brei og 44 meter lang, og har ein tribune med sitjeplassar for 350 menneske. Scena består av element som er montérbare i ulike høgder frå 20 cm til 1 meter, med ei total flate på 80 kvadratmeter. Takhøgda er 7 meter. Hallen kan delast opp i fire mindre einingar ved hjelp av skiljeveggar.

Til bruk ved arrangement av ulike slag finst det 350 stolar og ein del bord til rådvelde. Dei seinare år er det montért ribber på kortveggane for betra lydtilhøva under konsertar og liknande musikalske arrangement. Akustikken er no svært god. Dette har gjort Radøyhallen langt meir attraktiv for slike tilstellingar og har mellom anna resultert i fleire vellukka dansegallaer og konsertar. Idrettshallen er utstyrt med taleanlegg og trådlaus mikrofon.

Sjølvsagt er det framleis den sportslege aktiviteten som er størst i hallen, og dette syner seg klart i større turneringar som Manger Cup og Radøy Cup. Hallen er mykje brukt både på dag -og kveldstid. Om dagen vert hallen disponert av skulane i Radøy og om kvelden av ulike lag og organisasjonar frå Radøy og omegn. Hallen er oppmerkt med 3 små og ei stor basketballbane, handballbane, 4 små og 1 stor bane for volleyball, 4 badmintonbaner, og med høve for bordtennis og tennis. I tillegg finn ein i apparatrommet eit vidt spekter av utstyr for fri-idrett og andre sportslege aktivitetar.

For å illustrere den allsidige bruken av hallen er det nok å nemne nokre tidlegare arrangement; som til dømes fri-idrettsstemne, hundeutstillingar, fotballturneringar og dansegallaer. Av andre fasilitetar som kan vere greit å vite om kan ein nemne elektronisk resultattavle og eiga salsbu til bruk under turneringar og andre arrangement.

Bruk av hallen:
Blant laga som nyttar hallen er Radøy/Manger Fotballklubb, Manger IL (volleyball og handball), Radøy IL, Radøy Friidrettslag og Hordabø IL.

Sist oppdatert: 06.09.2009
Kontakt oss

Radøyhallen
Idrettsvegen 13
5936 Manger
Tlf: 56 34 91 40/951 71 833
Fax: 56 34 91 41  
E-post: kjell.age.sulebakk@radoy.kommune.no  

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no