
Radøyhallen er eit kommunalt anlegg med idrettshall og to sømjebasseng, og kan tilby eit allsidig utval av aktivitetar. Radøyhallen er lokalisert sentralt på Manger, kommunesenter i Radøy, og ligg tett opp til Radøy Ungdomsskule og den nye kunstgrasbana i Grønålen. I nærområdet finn ein og eit idyllisk naturområde med mellom anna fiske -og badevatnet Nesvatnet og grønne naturareal. For å finne fram følgjer du riksveg 565 over Radøy og følgjer skilting til Manger etter det.
Radøyhallen vart offisielt opna 1. januar 1988 og har sidan ytt eit breitt service-tilbod til publikum og lag og organisasjonar i og utanfor kommunen. Idrettshallen vert nytta flittig av lag og organisasjonar, og i tillegg til spesielle arrangement slik som dansegallaer, stemne, utstillingar og liknande. I vassenden av hallen finn ein hovudbassenget på 25 meter og 28 grader varmt. I tillegg er det og eit terapi-basseng med 34,5 grader som er ope i skuleåret.
Her finn du ei liste over dei som er tilsette i Radøyhallen.
Sist oppdatert: 13.10.2009