Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Kultur, idrett og fritid / Kulturminnevern / Kystkultur - tilskott
Kystkultur - tilskott

GENERELT

Omtale

Ordninga skal vere med på å sikre og å setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.

Målgruppe

I hovudsak private eigarar og forvaltarar (privatpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige organisasjonar og liknande).

Kriterium/vilkår

Ved fordeling av tilskott skal Riksantikvaren, ev. fylkeskommunen, innafor dei disponible budsjettmidla gjere ei samla fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie i forhold til målet med tilskottsordninga? Tilskottet blir fordelt etter den følgjande prioriteringa:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av

Bruk av tradisjonelle materialar, teknikker og handverk og opplæring og kunnskapsoppbyggjing er viktige grunnar for tildeling av tilskott. Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Riksantikvaren , fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.

Vedlegg

Skildring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.

Søknadskjema

Søknadsfrist

Fylkeskommunen kan opplyse om søknadsfristen. Norsk Kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 01.03 og 01.09.

Handsamingstid

Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to måneder etter søknadsfristen.

Handsaming av søknad

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klaga blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk Kulturminnefond skal sendast til kulturminnefondet.

ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 08.09.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no