GENERELT
Omtale
Staten ønskjer å ta vare på kulturminne og kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom (generelt gjeld dette kulturminne datert før år 1537, eventuelt for samiske kulturminne som er eldre enn 100 år), kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis, dersom desse blir urimeleg tyngjande.
Målgruppe
Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.
Kriterium/vilkår
Tilskott blir gjeve til heil eller delvis dekking av utgifter ved mindre private tiltak dersom desse blir urimeleg tyngjande for tiltakshavaren.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.
Vedlegg
Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Handsamingstid
Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.
Handsaming av søknad
Det er Riksantikvaren som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endret i vedtaket og grunngje dette. Klageinstans er Miljøverndepartementet. Før klagen blir send dit, skal Riksantikvaren vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Miljøverndepartementet for klagebehandling.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010