Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Kultur, idrett og fritid / Kulturminnevern

I Radøy kommune finn me mange restaurerte og verneverdige kulturminne. Kommunen har saman med grunneigarar, eldsjeler og lag arbeidd for at vår felles kulturhistorie og kulturarv skal takast vare på som ein ressurs framover. Radøy kommune har sitt eige kulturminnefond som vart oppretta i år 2000, avkastinga der skal brukast på kulturminnevern i kommunen.

Som Miljøvernminister i 2002 skreiv Børge Brende i eit brev til Radøy kommune at ”Radøy er ein føregangskommune i forhold til kulturminner og kulturminneforvalting”. Dette ynskjer me  fortsatt å vera framover. Spennande restaureringsprosjekt for tida i Radøy kommune er mellom anna ”Jordkjellere i vest”. Her skal det dokumenterast og flyttast ein potetkjellar frå Soltveit til Nordanger. Sjå eigen rapport om ”Jordkjellere i vest”. Dette vert ein del av satsinga på kulturminneåret 2009.

I tillegg er det mogeleg å søkja om SMIL-midlar til restaurering. Nokre av våre mest kjente, men og freda eldre bygg i Radøy er Bogatunet og Syltastova. Desse er frå 1500-talet. Men kvernhusa på Villanger, sjøboda på Lyseknappen, Skageneset, husmannsplassen på Marås m.m. har og sett Radøy på kartet når de gjeld kulturminnevernarbeid.

Radøy har òg kulturminne frå nyare tid som me ynskjer å ha fokus på, m.a. vegen over sjøen til Toska og 2.verdskrig sine kulturminne ved Marøy. Steinalderområdet ved Fosnstraumen er  ein stad mange opplever i samband med fisking og dykking. At mange kulturminne på øya vår er i god stand, vitnar om at folk i Radøy er stolte over kulturarven sin og ynskjer å formidla folk sitt liv, handverk og levekår gjennom tidene.

Sist oppdatert: 06.09.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no