MÅNDAG
Fyrste måndag i månaden inviterer Eldrerådet og Frivilligsentralen til pensjonisttreff i Prestegarden. Kaféen opnar kl. 0900, med sal av kaffi og rundstykke. Her kan ein koma inn og slå av ein prat og lesa dagens aviser.
Mellom kl. 10.30 og 12.30 har me diverse programinnslag som informasjon frå kommunen og Eldrerådet, allsong, ”LHL-koret” og diktlesing. Kvar gong vert eit tema teke opp.
TYSDAG
Kvar tysdag mellom kl. 10.30 og 12.30 er det pensjonisttreff i Prestegarden. Her møtest 15-20 pensjonistar til sosialt fellesskap, kaffispleis, bingo og trim. Nokre gonger vert det arrangert turar eller hobbyaktivitetar og liknande.
TORSDAG
Torsdagar mellom kl. 11.00 og 13.30 er det pensjonisttreff i Biblioteket på Velferdssenteret. Då samlast heimebuande eldre til felles hyggjestund og ein god middag.
Aktivitetane vert omtalt i lokalavisene laurdagen på førehand og er opne for alle pensjonistar. Inga påmelding.
Dersom du har forslag eller ynskje om eit anna tilbod - ta kontakt!!
Sist oppdatert: 06.09.2009