I sommarhalvåret har me natteramnar som går i Manger sentrum fredagskveldane. Vanlegvis er dei ute mellom kl. 21 og 24, når det er ungdomsklubb på ”Solvang.”
Basen for natteramnane er Prestegarden.
Natteramnane er ei gruppe pålitelege, vaksne menneske som har som formål å arbeide for:
- å gjera Radøy til ein trygg stad for alle.
- å utvikla naturleg kontakt mellom ungdom og vaksne.
- å førebyggja bruk av rusmiddel.
- å førebyggja vald, skadeverk, vinningsbrotsverk.
- å bevisstgjera innbyggjarane i kommunen om at det er naturleg å melda frå om straffbare forhold
Ta kontakt med Frivilligsentralen om du ynskjer å få meir informasjon om natteramnane. Me treng fleire!
Du kan følgje denne linken for meir informasjon om Natteramnane
Sist oppdatert: 06.09.2009