Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Kultur, idrett og fritid / Frivilligsentralen / Frivillige medarbeidarar

Frivilligsentralen har knytt til seg ei gruppe frivillige medarbeidarar. Dette er vaksne menneske, unge og gamle, som vil bruka litt av fritida si på nokon som treng ei handsrekking.
Døme på oppdrag:

  • Utkjøring av middag
  • Besøksven
  • Avlastar
  • Handling
  • Vera natteramn
  • Følgjeteneste
  • Telefonkontakt
  • Reservebesteforeldre
  • Laga til ulike arrangement
  • Dataopplæring
  • Reparera gamle foto

Er dette noko for deg?? Kanskje du har andre ting du vil gjera??
Ta kontakt med oss, så kan me i fellesskap finna eit høveleg oppdrag til deg.

Dagleg leiar har ansvar for at frivillige får den informasjon og opplæring som er turvande for å kunna utføra avtalte oppgåver på beste måte.
Dagleg leiar skal syta for å skapa eit godt miljø for frivillige medarbeidarar, og at kvar einskild av frivillige vert fylgd opp.

Frivillige som har oppdrag for Frivilligsentralen har teieplikt.

 

Sist oppdatert: 06.09.2009
Kontakt oss
Frivilligsentralen
Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 MANGER
Kontor: 56 34 90 30
Mobil:   952 83 922
frivilligsentralen@radoy.kommune.no
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no