Kyrkja og Frivilligsentralen i Radøy har nyleg etablert ei besøksleiargruppe som har til oppgåve å rekruttere og følgje opp besøksvener og frivillige medarbeidarar i kommunen.
Gruppa er slik samansett:
Frå Kyrkja: Oddbjørg Dragøy, Bjørg Ingrid Vågenes, Torvald Taule og Oddmund Skjelvik .
Frå Frivilligsentralen: Linda Grindheim og Laila Seilfaldet Pletten.
Gruppa vil oppmode deg om å ta kontakt med ein av oss dersom du / nokon du kjenner ynskjer besøksven.
Me treng og fleire frivillige medarbeidarar!! Dersom du kan tenkje deg å vere besøksven, enten åleine eller saman med 1-2 andre, ta kontakt!!
Rundt om i heimane sit ein del personar som av ulike grunnar tek liten del i fellesskapet og aktivitetane i nærmiljøet.
Då kan eit besøk på eit par timar i veke vera til stor glede og nytte.
Me har frivillige som kan tenkja seg å vera besøksvener. Det betyr at den som ynskjer besøk, kan få ein fast person som kjem heim til seg nokre timar for veka.
Etter nærare samtale kan me verte samde om kva oppdraget skal innehalda, og utarbeida ein avtale mellom partane.
Samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus
I heimar med store omsorgsoppgåver kan Frivilligsentralen koma inn og hjelpa familiemedlemer nokre timar.
Frivilligsentralen skal ikkje erstatta lovpålagde oppgåver, men kan gje tilbod om støtte/hjelp som andre etatar ikkje kan dekka.
Me har og frivillige medarbeidarar som kan følgja pasientar til undersøkingar på sjukehus, til tannlækjar og liknande.
Ved behov for slike tenester, ta kontakt med Frivilligsentralen i god tid på førehand.