Radøy Velferdssenter vart bygd i 1993, med eit påbygg i 2009. Institusjonen ligg på Manger og har 43 plassar fordelt på fire avdelingar (A, B, C og D). Avdelingne A og B er for demente pasientar, på avdeling C er pasientar som er til rehabilitering. På avdeling D er pleiepasientar.
Institusjonen har rundt 80 tilsette, fordelt på 44 årsverk.
Bebuarane på Radøy Velferdssenter får mat frå Radøy kommunale kjøkken, som ligg i same bygg. Institusjonen har òg eige vaskeri.
Det er utarbeida eit informasjonsskriv om opphald på Radøy Velferdssenter.
Tilsynslækjarar er Gunn Mali Steen Sund og Grethe Fosse.
Dagavdelinga heldt til i enden av bygget.
Referat frå pårørandemøtet 8. februar 2011.
Radøy velferdssenterIdrettvegen 25936 MangerTlf: 56 34 91 90