GENERELT
Omtale
Kommunehelsetenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld
- barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
- årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
- vaksinasjon mot pandemisk influensa
Målgruppe
Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen
Kriterium/vilkår
Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal bli tilbode sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Pris for tjenesten
Barnevaksinasjon er gratis. Elles betaler du ein eigendel.
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010