Tenesta skal gje målgruppa ein lettare kvardag ved hjelp av tekniske hjelpemiddel. Hjelpemidla kan du låne for ein kortare eller lengre periode.
Funksjonshemma og personar som har vore utsette for skade, vore operert eller har redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom.
Du må ha nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.
Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.
NAV Hjelpemiddelsentral i fylket.
Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Kommunen gjer ei funksjonsvurdering. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til NAV Hjelpemiddelsentral i fylket.
Kommunen/NAV Hjelpemidelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Tildeling av hjelpemiddel blir vurdert på bakgrunn av ei kartleggjing av hjelpebehova dine. Normalt vil kommunen kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk gjerast det eit vedtak etter folketrygdloven. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.
Du kan klage på vedtaket om tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til NAV Hjelpemiddelsentral i fylket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er NAV klageeining. Før klaga sendes dit, skal hjelpemiddelsentralen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.
Velferdssenteret v/Anne Marie H. StangRadøy Kommune Idrettsv. 2 5936 MANGERE-post