Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Fysioterapitenesta

Radøy kommune har 3 faste fysioterapeutar og ein turnuskandidat.

Du finn oss på:
Helsehuset på Manger tlf. 56 34 90 99 opningstid allle kvardagar frå 08.00-15.00.
Velferdsenteret på Manger tlf: 56 34 91 98 opningstid 08.00-15.00 mandag, tysdag og torsdag.

Fysioterapeutane kan tilby:
Vurdering og behandling/trening etter rekvisisjon frå lege
Førebygjande tiltak
Hjelp til søknad om tekniske hjelpemiddel
Hjelp til tilrettelegging i heimen

Vi prioriterer følgjande pasientgrupper:
1: Dei som treng paliativ omsorg og lindrande behandling
2: Spebarn
3: Lungepasientar, nye slagpasientar og andre alvorlege diagnoser der tid kan vera avgjerande for resultat
4: Barn i førskule-/småskulealder med forsenka motorikk eller andre problem. ( Må vurderast i kvart einskild tilfelle).
5: Opptrening etter kirurgiske inngrep eller alvorlege skader på ledd og muskulatur.
6: Barn og ungdom i barne/ungdomskulen
7: Gravide
8: Kroniske muskel/skjelettplager eller nevrologiske skader som i stor grad er hemmande i dagleglivet. 
Vi har tett samarbeid med anna helsepersonell samt tilsette i skule og barnehage.

Det er i tillegg også to private institutt i Radøy: 
Bøvågen fysioterapi tlf.  56374399 
Manger fysioterapi tlf. 56371150.
Desse prioriterer  andre pasientgrupper.

Treng du å låne barnekrykker for ein kortare periode kan du kontakte fysioterapeutane på helsehuset. Dersom vaksne treng krykker, kan ein kjøpe desse for kr 170 pr stk. Ein sel og ispigg til stav/krykker kr 65 pr stk.

Link til side om hjelpemiddel

Link til Takstar og takstbruk
 

Sist oppdatert: 21.03.2011
Kontakt oss

Radøy fysioterapi
Radøyvegen 1621 A
5936 Manger
Tlf: 56 34 90 99
E-post: mona.netland.oeftshus@helse-bergen.no

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no