Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Hjelp i heimen / Brukarstyrt personleg assistanse
Brukarstyrt personleg assistanse

GENERELT

Omtale

Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma. Innafor dei timerammene som vedtaket i kommunen gir, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(-ane) skal gjere, og kor og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga.

Målgruppe

  • Funksjonshemma med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming 
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Kriterium/vilkår

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Handsaming av søknad

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt til dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Merknader

Slik søkjer du



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy Kommune
Heimetenesta
Idrettvegen 2
5936 Manger
Tlf. 56 34 91 91


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no