Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Hjelp i heimen / Heimesjukepleie
Heimesjukepleie

GENERELT

Omtale

Tenesta kan inkludere sårbehandling, pleie, medikamenthandtering, osb. Arbeidet blir gjort av sjukepleiarar eller andre helsearbeidarar.

Målgruppe

Eldre, sjuke, funksjonshemma, o.a.

Kriterium/vilkår

Det må liggje føre eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie.

Pris for tjenesten

Tenesta er gratis.



OM SØKNADSPROSESSEN

Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Handsaming av søknad

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønskja og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy Kommune
Heimetenesta
Idrettvegen 2
5936 Manger
Tlf. 56 34 91 91


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no