Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Hjelp i heimen / Tryggingsalarm
Tryggingsalarm

GENERELT

Omtale

Brukaren ber tryggingsalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggingsalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Kriterium/vilkår

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Pris for tjenesten

Kommunen vedtar om du skal betale for å få tryggingsalarm, og eventuelt kor mykje.

OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er anten Fylkesmannen (dersom tenesta blir gjeven etter sosialtenestelova) eller den kommunale klagenemnda. Før klagen blir send til klageorganet, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 08.09.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Heimetenesta
Idrettsvegen 2
5936 Manger
Tlf: 56 34 91 91

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no