Mål for arbeidet med planane er å få gode verkty for forvaltning av areala og tenestetilboda i kommunen.
Ein kan skilje mellom private planar og kommunale planar. Desse kan ein igjen dele i detaljerte reguleringsplanar og utbyggingsplanar for mindre områder, kommunale planar for spesielle tema, kommunedelplanar for ein del av kommunen og kommuneplan som gjeld for heile kommunen.
Alle nye planar med føresegner vert lagt ut på kartbasen BraPlan. Diverre er ikkje alle planane enno lagt inn på BraPlan. Dette er eit arbeid som pågår. Enkel oversikt over vedtekne reguleringsplanar i Radøy kommune finn du her.
Formannskapet samt leiar og nestleiar i Hovudutval for plan, landbruk og teknisk er styringsgruppe for dei kommunale planane. Alle planar skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn. Innbyggjarane engasjerer seg og kjem med innspel, på folkemøte eller ved direkte kontakt til kommunen. Alle planar skal godkjennast av kommunestyret.
Kommunen står ikkje fritt til å planleggje, men må forhalde seg til regionale og nasjonale planar. Miljøverndepartementet er øverste instans.
Plan- og bygningslova § 2 set rammer for den kommunale planlegginga;
”Planlegging etter lova skal legge til rette for samordning av statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar, utbygging, samt å sikre estetiske omsyn. Gjennom planlegging og ved særskilde krav til kvart enkelt byggetiltak skal lova legge til rette for at arealbruk og bebyggelse blir til størst mogeleg gavn for den enkelte og samfunnet. Ved planlegging etter lova her skal det spesielt leggast til rette for å sikre born gode oppvekstvilkår.”
Les meir:
Miljøverndepartementet side for planlegging
Plan- og bygningslova