Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader. Det blir stilt enkelte krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.
Krav til husstanden:
Husstanden har låge inntekter og høge bukostnader. Studentar og militære er ikkje med i ordninga. Studentar som har eige barn eller som deltar i kvalifiseringsprogram eller attføring, kan få bustønad likevel.
Krav til bustaden:
I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå utleigebustader som kommunen disponerer, som bufellesskap og liknande.
Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen eller NAV. Dette varierer frå kommune til kommune.
Du må sende skriftleg søknad om bustønad. Søknadsskjema kan du få av kommunen eller laste ned frå internett, sjå lenkje under.
Den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.
Kommunen tar imot søknadene, registrerer dei og har den løpande kontakten med deg. Maskinelt blir det henta inn opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og NAV. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.
Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad, men du må melde frå om endringar som har noko å seie for stønadsforholdet. Dersom du flyttar, må du søkje på nytt og gje nye opplysningar.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til bustønadskontoret i kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Hugs alltid å føre opp namn, adresse, fødselsnummer og bustadkommune. Klagen må vere underteikna. Alle klagar blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret), og behandlingstida er ca. tre månader.
Barne- og familietenestaSolhallvegen 25936 MangerTlf: 56 34 92 80Fax: 56 37 34 05E-post