Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Økonomiske tilhøve / Bustadtilskot til etablering

Beskrivelse

Bustadtilskott til etablering skal verke til at husstandar med svak økonomi skal kunne få nøkterne og eigna bustader. Det kan også gjevast tilskot til å utbetre eigen bustad. Ordninga er behovsprøvd.

Målgruppe

  • Funksjonshemma, flyktningar, unge i etableringsfasen og sosialt vanskelegstilte
  • Selskap, stiftingar og liknande som ønskjer å etablere utleigebustader 

Vilkår

Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.

Veiledning

Søknaden skal skrivast på blankett HB 8.S.01. Blanketten får du frå kommunen eller Husbanken (sjå nedanfor).

Vedlegg

  • Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
  • Kopi av likningsutskrifta frå det siste året
  • Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller verdiar som ein kan frigjere gjennom sal av bustad eller anna)
  • Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon av den særleg vanskelege situasjonen til husstanden

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen/Husbanken har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan få eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.

Klage

Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Sjølvbetening
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no