Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Byggesak / Tiltakstypar / Antenner for radio og TV
Antenner for radio og TV

GENERELT

Omtale

Dersom du skal setje opp ei antennemast eller parabolantenne, treng du vanlegvis ikkje å sende inn melding/søknad til kommunen. Dette gjeld uavhengig av om antenna er frittståande eller er plassert på byggverk. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande avgjerder, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av antennesystemet. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova 
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår:

  • Antennemastene må ikkje vere høgre enn 2 meter
  • Parabolantennene må ikkje ha ein diameter på meir enn 1,2 meter

Du bør vurdere plasseringa nøye - spesielt på verneverdige bygningar - for å unngå skjemmande plassering og reaksjonar frå bygningsmyndigheitene seinare.



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du treng ikkje å sende søknad/melding til kommunen dersom antenna og plasseringa er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Høve til å klage

Naboar og andre involverte kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt.. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Skulle kommunen konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket, er dette eit vedtak som du kan klage på. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. ) Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no