Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Byggesak / Tiltakstypar / Eigarseksjonering/reseksjonering
Eigarseksjonering/reseksjonering

GENERELT

Omtale

Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for det føremålet eininga skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.
  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
  • Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining


OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om eigarseksjonering eller reseksjonering.

Vedlegg

  • Skjema for seksjoneringsbegjæring
  • Planteikningar
  • Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
  • Vedtekter
  • Namneliste over dei som bur der
  • Søknadsfrist

    Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

    Høve til å klage

    Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

    Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.



    ANDRE OPPLYSNINGAR

    Sist oppdatert: 01.07.2010
    Kontakt oss

    Radøy kommune
    Radøyvegen 1690
    5936 Manger
    Telefon: 56 34 90 00

    Faks: 56 34 90 01
    E-post: postmottak@radoy.kommune.no
    SMS: send RADØY + di melding til 2223

    Les meir

     
    tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
    Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no