Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Byggesak / Tiltakstypar / Fasadeendring (vesentleg)
Fasadeendring (vesentleg)

GENERELT

Omtale

Dersom du ønskjer å endre på fasaden på huset ditt, og det medfører at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Søknaden må utformast av eit firma ("ansvarleg søkjar") som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess. Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). (Sjå eiga tenesteomtale.)

Kriterium/vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Nabovarsling må vere gjort 
  • Tiltaket må samsvare med lovføresegnene om estetikk i plan- og bygningslova
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Dersom du ønskjer å få utført vesentlege fasadeendringar, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal bistå med å gjennomføre tiltaket fram til ferdigstilling.

Søknadskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsamingstid

Den raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som eit såkalla "enkelt tiltak". For "enkle tiltak" må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette omfattar ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit "enkelt tiltak".) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta blir sende inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter. 

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no