GENERELT
Omtale
Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.
Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsettingsløyve etter plan- og bygningslova. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.
Målgruppe
Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak
Kriterium/vilkår
Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna
- nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal
- riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter
Beslektede tjenester
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing
Ein tilrår å nytte ein mal som Klima- og forureiningsdirektoratet har utarbeidt for avfallsplan og sluttrapport. I samband med rehabilitering og riving skal det òg utarbeidast ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
I avfallsplanen gjev du
- eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
- ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast
Vedlegg
Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere
- ordinær kvittering frå avfallsmottak
- deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
- eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
Søknadskjema
Søknadsfrist
Du må sende avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing til kommunen i god tid før tiltaket er planlagt igangsett av di det kan mangle opplysningar som vi treng før vi kan gje igangsettingsløyve. Sluttrapporten bør leverast ca. 45 dagar etter at tiltaket er avslutta, slik at alle kvitteringar frå avfallsmottak er på plass.
Handsamingstid
Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak
Handsaming av søknad
For tiltak som både
- krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
- utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere nært knytta opp mot byggjesaksbehandlinga. Du kan ikkje setje i gang arbeidet før avfallsplanen og eventuelt miljøsaneringsutgreiinga er godkjend.
Høve til å klage
Du kan klage dersom du ikkje får godkjenning innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.
ANDRE OPPLYSNINGAR
Sist oppdatert: 01.07.2010