Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Radøy kommune er opptatt av at alle byggjesaker skal skal få god og rask handsaming. Difor er det viktig at den informasjonen som kommunen mottek er riktig og fullstendig i forhold til det tiltaket det vert søkt om/meldt om. Dersom søknaden manglar opplysningar eller har feile opplysningar vil sakshandsamingstida verte lenger. Tidsfristar i byggesaker vert rekna frå det tidspunktet søknaden er tilstrekkeleg opplyst til å kunne handsamast.

Radøy kommune har til vanleg fokus på å rettleie tiltakshavar i søknadsakar utan krav til ansvarsrettar. Dei profesjonelle aktørane (ansvarleg søkjar og andre ansvarlege føretak) som opptrer i søknadssaker med krav til ansvarsrettar, er forventa å sjølv ha naudsynt kompetanse på plan- og bygningsretten. I ein overgangsperiode etter iverksetting av nytt lovverk, vil Radøy kommune likevel prioritere ressursar til å gje veileding til ansvarlege føretak. Send ein e-post til leiar for Plan, næring og teknisk, Tonje Nepstad Epland, om du treng rettleiing.

Byggesaksdelen til ny plan- og bygningslov trådte i kraft 1. juli 2010. Med den kjem det også to heilt nye føresegner, Forskrift om byggesak og Teknisk forskrift. Les meir om det som er nytt i denne lova.

Søknadskjema/byggblankettar kan lastast ned/skrivast ut. Opprett ein brukar og logga seg på for å finna skjemaa. Det er òg mogleg å få tilsendt skjema om du tar kontakt med Sørvistorget. Sjå kontaktinformasjon til høgre på sida. 
 

Sist oppdatert: 16.06.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no