Avdelingar:
1 avdeling 5 år
2 avdelingar 3-4 år
3 avdelingar 0-3 år
Opningstid: 07.30-16.30 fem dagar pr. veke. Kan avtale levering kl.07.00
Hovudbarnehagen er plassert i sentrum av Manger. Dalestova ligg ca 10 min kjøring frå Manger mot Knarvik på Dale. I gangavstand frå barnehagen ligg Manger barneskule, Radøy ungdomsskule, Radøyhallen, kyrkja, biblioteket, Manger folkehøgskule, Velferdssenteret, politi, brannstasjon, post, bank og butikksenter. Det er òg lege- og tannlegekontor i litt lengre gangavstand. Ein har òg tilgang på naturområde som Steppena, området rundt ungdomsskulen/Nesvatnet, bøkeskogen, idrettsbana, fjella o.l. Den sentrale plasseringa gjev høve til varierte opplevingar i kvardagen.
Utearealet rundt barnehagen kan trygt seiast å vera mellom dei beste; her er store flater til leik, oljegrusa del til sykkelbruk, småkupert og urørt terreng. Fysisk utfalding og rolleleik trivst i slike omgjevnader. Samstundes med utvidinga vart det gjort ei skikkeleg oppgradering på uteleikeplassen. I tillegg fekk me utvida området vårt. So no er me godt fornøgde med uteplassen vår!
Sist oppdatert: 24.08.2011