Målark for sosialt samspel i barnehagen.
Det overordna målet med arbeidet vårt i barnehagen er å skapa trygge menneske med tru på seg sjølv og evnene sine - og hjelpa dei til å utvikla evna til omsorg for andre.
For å nå det overordna målet brukar me m.a. ”Målark for sosialt samspel i barnehagen”.
Gjennom arbeidet med Målarka skal kvart barn utvikla
- god kommunikasjon med andre
- læra nødvendige ordens- og ryddereglar slik at kvardagen fungerer godt læra å følgja vanlege reglar for bordskikk.
- vera greie med kvarandre og kunna visa omsorg verta bevisst på å ”sjå” etter korleis andre har det – og bry seg
- læra å hevda sine meiningar på ein positiv måte – og samtidig syna respekt for andre som meiner noko anna.
Målarka skal hjelpa oss å bryta måla ned i mindre, konkrete delmål. Delmåla vert tilpassa alder og modning til kvart einskild barn.
Målarka skal vera i fargar og det vert sendt heim ein kopi. Dette for at foreldra skal kunna følgja med kva punkt på Målarket barnet arbeider med.
Ei sterkt felles satsing både frå barnehage –skule - heim vil vera heilt avgjerande for å oppnå gode resultat i dette arbeidet. Målet er m.a. å arbeida systematisk med å utvikla det enkelte barn i å meistra det sosiale samspelet med andre, og gjennom det leggja til rette for eit svært godt miljø både i barnehagen og på skulen.
Her kan du sjå døme på eit Målark for barnehagen.
Samarbeid med skulen.
Barnehagen og skulen har felles administrasjon – styrar er også rektor.
Elevane på 5. og 6. årstrinn les bøker til barnehageborna- ei gruppe er i barnahagen den andre gruppa er på skulen. Kvar fredag er ei gruppe barnehagebarn med i leiketimen på småskuletrinnet.
Elevane på 6. årstrinn skal vera fadrar for 5 åringane (komande elevar på 1. årstrinn).Dette arbeidet startar opp til våren. Elevar og 5 åringar har gjort ulike aktivitetar i lag slik at dei skal verta godt kjende. Andre fellesaktivitetar er prosjektet ”Barn hjelper barn” (støtte til Gregory Smith sitt arbeid mellom gatebarn i Sao Paulo) til påske, felles frukost i gym.salen, sommarfest, julegraut, juleavslutning, julegudsteneste, adventsamlingar kvar måndag i adventstida og faste månadsamlingar i gym.salen
Sist oppdatert: 05.09.2009