Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Barnehage / Barnehagar / Austebygd barnehage / Kolibribarnehage

I 2007 vart Austebygd skule og barnehage KOLIBRI-barnehage.I samband med vårt årlege ”Barn hjelper barn”- arrangement, overrekte Bjarte Storesund  frå CARF Bergen ein plakett og gratulerte oss med tittelen ”Kolibri-barnehage”. Dette er ei utmerking som vert dei til del som støttar CARF sitt arbeid over tid.

Ungdommar som dansar CapoeiraDet har blitt ein tradisjon hos oss å skipa til eit årleg arrangement for å støtta  CARF (Children At Risk Foundation). og Gregory Smith sitt arbeid mellom gatebarn i Sao Paulo i Brasil. Fleire gongar har me hatt besøk av han og nokre av dei borna han har hjelpt.  Under årets arrangement, var det Bjarte Storesund frå CARF Bergen som kom og viste bilete og fortalde frå arbeidet i Brasil. Han hadde med seg to ungdommar som dansa Capoeira, ein kampdans som er svært populær i Brasil. Den eine av desse ungdommane var tidlegare gategutt i Sao Paulo. Han har vore på Austebygd skule før, saman med Gregory Smith. Han fann til og med bilete av seg sjølv på ein biletmontasje som vi hadde hengjande på veggen. Det var gripande å høyra korleis livet hans vart endra etter at han kom inn under hjelpeprogrammet til CARF. 

Les gjerne meir på heimesida www.carf.no

Sist oppdatert: 05.09.2009
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule og barnehage
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Tlf: 56 37 21 40 (barnehage)
Tlf: 56 37 20 46 (styrar)
Fax: 56 37 22 40
E-post til barnehagen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no