Radøy kommune sitt barnesyn ligg til grunn for alt arbeid med barn og unge, og det er forpliktande for alle som er tilsette i kommunen.
Vårt barnesyn er:
- Alle barn har rett til omsorg og trygg oppvekst
- Barndom og ungdom har eigenverdi; det er ikkje berre steg mot vaksen alder
- Barn sine oppvekstvilkår er viktige for alle deler av befolkninga
- Læring og utvikling krev eigeninnsats.
Radøy kommune har fire kommunale barnehagar. Sæbø barnehage har heildagstilbod til barn mellom 1og 6 år. Prestmarka barnehage er plassert i Manger sentrum og har heildagstilbod til barn mellom 1 og 6 år. Bø barnehage har heildagstilbod til barn mellom 1 og 6 år. Austebygd barnehage har tilbod fem dagar i veka. Det er ingen private barnehagar i kommunen.
Alle barnehagane vil frå hausten 2010 ta opp barn i alle typar plassar, dersom etterspurnaden tilseier det.
Alle som søkjer om barnehageplass, må nytta elektronisk søknadsskjema
Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til den einskilde barnehagen, eller til Radøy kommune v/Sørvistorget. Her kan ein også få hjelp med å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet
Søknadsfrist er 1. mars 2010.
Sist oppdatert: 16.02.2010