Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Ungdom / Helsestasjon for ungdom

Beskrivelse

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Helsestasjon for ungdom kan også vise deg vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Ungdomens helsestasjon er felles for Nordhordland, og ligg i Knarvik vis a vis Legevakta. Opningstid er onsdager  kl. 15.00 - 18.00. Ungdomens helsestasjon har lege om onsdagane.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år

Vilkår

Ungdom opp til 20 år

Pris

Tilbodet er gratis.

Veiledning

Du kan ta kontakt med den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Annet

Kontakt oss

Helsestasjon for ungdom
Knarvik helsestasjon
Kvassnesvegen 48
5914 Isdalstø

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no