Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.