Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Barnevern / Samvære med born under offentleg omsorg for foreldre og andre

Beskrivelse

Når born er i fosterheim eller på institusjon, har born og foreldre rett til samvære med kvarandre dersom ikkje anna er bestemt. Sjølv om foreldra ikkje maktar å ha omsorg for barnet, kan det vere verdifullt for barnet å ha kontakt med sin biologiske familie. Barnevernet kan bestemme at andre enn foreldra skal ha rett til samvære med barnet. Barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak med grunngjeving. Det er Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker som avgjer saka.

Målgruppe

Foreldre og i meir spesielle situasjonar òg besteforeldre, sysken, onklar/tanter eller nære venner av barnet.

Vilkår

Ordninga skal vere til barnets beste.

Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak, og Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolliknande organ og blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av sakkunnige og lekfolk.

Annet

Kontakt oss

Barne- og familietenesta
Radøyvegen 1625 B
5936 Manger
Tlf: 56 34 92 80
Fax: 56 37 34 05
E-post
Kart

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no