Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Barnevern / Melding til barnevernstenesta

Beskrivelse

Ei melding til barnevernstenesta er informasjon om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at personen som melder saka, har observert det som meldinga refererer til, men vedkomande bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barnevernstenesta skal

  • leggje bort meldinga dersom ho er openberr grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.

Målgruppe

Privatpersonar eller offentlege instansar. Offentlege instansar har opplysningsplikt til barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Vilkår

Du kjenner til at eit barn har vanskelege leveforhold.

Veiledning

Ei melding til barnevernstenesta kan vere skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Ho kan òg vere anonym.

Saksbehandling

Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Han eller ho som har sendt meldinga, skal gjevast ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.

Klage

Barnevernstenesta si avgjerd om korleis meldinga skal behandlast, kan ikkje klagast på.

Annet

Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no