Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Barnevern / Fosterheim/Å vere fosterheim
Fosterheim/Å vere fosterheim

GENERELT

Omtale

Fosterheim er private heimar som tar imot born til oppfostring på grunnlag av barnevernstenesta si avgjerd om hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Fosterborn er forskjellige, og det trengst difor forskjellige familiar. Den kommunen som fosterheimen ligg i, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av heimen. Det statlege, regionale barnevernsmyndet (Bufetat) har ansvar for den nødvendige opplæringa.

Målgruppe

Personar som har særleg evne til å gi born ein trygg og god heim, og som kan løyse oppfostringsoppgåvene i samsvar med dei føresetnadene som er lagde til grunn om lengda på opphaldet m.m.

Kriterium/vilkår

Fosterforeldra skal alltid nøye vurderast opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava er at fosterforeldra er i ein stabil livssituasjon med eit sosialt nettverk rundt seg og trygg lokal forankring, uansett om dei er sambuarar, einslege eller gifte.

Beslektede tjenester

Brosjyrar

På denne nettstaden kan du finne fleire opplysningar om fosterheimar. Fosterheim.no er eit samarbeid mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten, Oslo kommune, Barne- og familieetaten, og Trondheim kommune, Omsorgsenheten for barn og unge http://www.fosterhjem.no/.



OM SØKNADSPROSESSEN



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Barne- og familietenesta
Solhallvegen 2
5936 Manger
Tlf: 56 34 92 80
Fax: 56 37 34 05
E-post
Kart

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no