Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Kultur- og sørvistorget / Innsyn i offentlege dokument / Publisering av saksdokument på Internett

Beskrivelse

Som eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga blir Internett i aukande grad nytta til å publisere saksdokument. Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval, søknader, avslag og andre sakspapir frå ein PC der du måtte ønskje. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld "følsame" personopplysningar eller fødselsnummer.

Målgruppe

Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester

Vilkår

Det er høve til å publisere:

  • Offentlege journalar (med opplysningar om kven som har kome med ein førespurnad om ei bestemt sak)
  • Dokument som ikkje er unnateke offentleggjering og der omsynet til personvern ikkje talar mot publisering

Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere.  

Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett.

Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta. 

Radøy kommune publiserer offentleg journal og saksdokument til kommunestyret, formannskapet og hovudutval for plan, landbruk og teknisk på internett. Desse er tilgjengeleg via lenka postliste på framsida. Kommunen har ikkje lagt til rette for fulltekstpublisering av post til og frå kommunen. Slike dokument kan søkjast fram i den offentlege journalen, og bestillast via lenke på dokumentnivået.

Saksbehandling

Bestilling av saksdokument, eller krav om innsyn vil handsamast så snart som råd og ugrunna opphald (jfr. Offentleglova § 29).

Klage

Ved brot på regelverket kan du klage til kommunen. Du kan også klage til Datatilsynet. Etter personopplysningslova § 49 kan kommunen vere erstatningspliktig der det har blitt gjort skade.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no